...let Keiser Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshøvding i Syria. Då for alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
Josef og for frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var då med hann. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den fyrstefødde. Ho sveipte han, og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.
Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta. Best det var, stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdam lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei: "vær ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det født dykk ein frelsar i Davids by. Han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt, og som ligg i ei krybbe" brått var det ein stor himmelhær saman med engelen: dei lova Gud og kvad:
"Ære være Gud i det høgste,, og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i"
Då englane hadde fare frå dei, og attende til himmelen, sa gjætarane til kvarandre: "lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som englane har kunngjort oss."
Så skunda dei seg dit, og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krybba. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde på, undra seg over det gætarane fortalde. Men Maria gjøymte alt dette i hjarta sitt, og grunda på det.
Då kom det nokre vismenn fra austerland. Dei såg stjerna, og kom og ville hylla han.
Då dei såg stjerna vart dei overlag glade. Dei opna skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra.
6 kommentarer:
Tusen takk for et fint julespill og en veldig fin julekveld sammen med dere alle!!!
Flott julespel. Prøver å lese på lesebrett og med NI sitt mobile nett. Stormen tok det meste her.
Arnedro bestefar
hehe, koselig!
annbefaler den gamle papir utgaven hos Lukas til bestefar....
Da har vi nett igjen og har kosa oss med ide, utførelse og gjennomføring til julespelet. Vi vil spesielt framheve dei flotte prestasjonane til Maria, Josef, hyrde og engel, men bestemor saknar litt innleving i den spesielle situasjonen frå dei vise menn.
Er innom og ser på julespillet, enno ein gang. (Etter prat med C på tlf) Hehe, må bare le!!!
Legg inn en kommentar